Solveig Bjellmo - Leiar av Norsk gynekologisk foreining
Publisert 7. juni 2024
Marit Halonen Christiansen
Avdelinggsjef, Kvinneklinikken SUS
På årsmøtet i Haugesund vart Solveig Bjellmo klappa inn som ny leiar av Norsk gynekologisk foreining, og det er på høg tid at medlemmane får bli betre kjent med denne dama.
Først ein disclaimer – Solveig og underteikna starta vår karriere i faget med 10 dagers mellomrom på Ålesund sjukehus. Solveig først, sjølvsagt. Det er grunnleggande erfaringer frå denne tida der vi aldri kjem til å vete kven det var som opplevde det, til den grad er det debriefa. Korleis kjens eigentleg spent vannblære? Åja, det er sånn det er når folk snakker om at det blødde som om krana var skrudd på?
Eg unner alle ferske LIS ei Solveig i livet.
Solveig trådte sine barnesko i Brøstadbotn – dvs. sprang rundt i Brøstadbotn – er det noko denne dama har er det energi! Ho dreiv med det som kunne drives med, volleyballen tok ho til elitenivå, sjølv om det kosta ein finger.
Så kom ho til Tromsø, og til medisinstudiet. Ho haldt fram med volleyball, var i MSO, IFMSA og sto på ski. Masse ski.
Takk og lov kom ho til turnustida i Ålebyen, og sånn møttest altså vi.
I motsetning til mange som snubla inn i faget, var Solveig målbevisst – dette var i så gamle dagar at ein kunne velje å ha tredelt sjukehusturnus med gyn. Og det gjorde Solveig.
Vaktene kom og gjekk, livet fortsatte, og etter kvart satte ho snuten mot Trondheim og gruppe 1-tjeneste. Ikkje overraskande blei ho inspirert til ein PhD – om seteleie! (Dama har sjølv to setebarn, men dei hadde ho ikkje då – snodig korleis «life imitates art» nokre gonger). Midt i pandemien, med akkurat nok flaks til at det kunne være FÆST, disputerte ho, rett nok på teams.
Tidlegare leiarar har visst òg blitt «lurt» inn i leiarvervet ved å la seg rekruttere til vitenskapeleg sekretær. I nokre heile minutt var ho faktisk mållaus etter at Kirsten Hald hadde forklart dette på årsmøtet i Tønsberg. Det varte heldigvis ikkje lenge.
Solveig har eit stort hjarte. Det rommer familie og vener, men òg dei som slit og ikkje er fødd i gode tilhøve. Folk kan få empatitrøtthet av Gaza og bilder av mennesker som har mista alt og litt til, men som ho seier – det er jo enda vondare for dei som faktisk er der.
Heldigvis for Ålesund klarte ikkje St. Olav å halde henne fast, og ho er no busett med ypperleg utsikt og skiforhold – sånn folkeregistrert altså. Leiarvervet har jo litt møterverksemd rundt forbi, sjølv om NGF har tatt lærdom av pandemien og har møter på teams. Det kjem godt med at Solveig er ein ekstremt god organisator. Det må til med to barn, ein mann som stiller opp, men som har egne reiser og interesser, og så skal det heile kombinerast med førsteamanuensisstilling ved NTNU, seksjonsoverlegestillig på føden, veiledning av Phd-kandidatar, tilstedevakter og leiarverv. Litt skiturar og trening blir det faktisk òg tid til.
10 kjappe og uredigerte SMS-spørsmål til Solveig
Når er du lykkeligst? Har mykje å være lykkelig over, men e nok gode opplevelsa med familie og venna, helst i kombinasjon med fysisk aktivitet!
Kva les du dagleg? Mail, blitt mange fleire mailer som leder ;)
Kva høyrer du på? Lydbøker
Det første du gjer når du står opp om morgonen? Gjør alt klart til skole og fritidisaktiviteter til ongene før eg sykle på jobb.
…og det siste du gjer før du legg deg? Som oftes trene eg, ofte alt før seint, men viktig før min mentale helse 😂
Om du skal gje eitt godt råd til nye kolleger i faget? Å, det synes eg kan vere vanskelig, fordi vi har ulike behov, men en ting som har vært veldig viktig før meg sjøl e å ha gode kollegaer rundt deg som støtte deg i suksesshistoriene, men også de dagene faget kan være knalltøft.
Kva er den største utfordringa for gynekologi og obstetrikk i åra som kjem? Her finnes det ikkje et svar, men eg trur rekruttering og det å klare å holde nok flinke fagfolk i det offentlige blir en stor utfordring.
Om du skulle valgt ein annan spesialitet – kva ville det vore? Etter min første ordentlige skulderdystoci etter bare 9 mnd. inn i faget, nokka eg syns va veldig vanskelig, og det verste var at alle snakket om at vi hadde gjort alt riktig og likevel kom d ut et veldig dårlig barn, da brukte eg noen måneder på å prøve å finne et nytt fag. Eg prøvde ganske hardt, men fant ingen, og falt til ro med at dette va og e faget før meg 😉
Kva klarer du deg ikkje utan? Familien min, gode venner og trening! Kven har betydd mest for deg fagleg? Her e d vanskelig å velge en person. Det har vært veldig mange som har vært og e viktig før meg på min ferd, men ska eg nevne noen har mangeårig seksjonsoverlege på føde i Ålesund og min veileder Sissel Hjelle betydd mykje før min vei til å bli fødelege, min veileder Prof. Torstein Vik enormt mye for min vei inn i forskning.